Tilbake

Svinekam

Dette er ei gedigen selskapskake. Ei skikkeleg mannfolkkake. Eit godt alternativ til blautkaker og marsipankaker.
Ingredienser  
Sukkerbrød:
6 egg
150g farin
150g kveitemjøl
2 ts bakepulver
ei tom 1,5 l flaske

Fyll:

3/4 l kremfløyte

Glasur:
1,5 kaffekopp fløyte
1,5 kaffekopp farin
1 pl mørk kokesjokolade
1/2 pl lys kokesjokolade
Slik gjør du
Sukkerbrød:
Pisk eggedosis av egg og sukker, sikt på mjøl og bakepulver. Rør forsiktig til jamn røre.
Legg bakepapir i langpanna og hell røra oppi. Steik sukkerbrødet midt i ovnen ved 210 grader i 10-12 min.
Når kaka er steikt gylden brun legg du bakepapir på kjøkenbenken og kvelvar kaka ut av langpanna.
Dra forsiktig av bakepapiret og rull sukkerbrødet rundt flaska medan ho enno er lunka. Elles vil ho sprekke.
La kaka liggje kveila rundt flaska til ho er kald.

Pisk fløyten til krem. Ta ut plastflaska og fyll holrommet med krem.

Glasuren lagar du ved å blande alt saman i ein kjele og koke på svak varme i omlag ti minuttar. Då skal glasuren vera seig. Når den er passe seig, så han ikkje renn av kaka, avkjøler du han litt. Passe lunka heller du han over kaka og pyntar med coctailbær. Vel bekomme.
Spesielle egenskaper
Tradisjonsmat
Kilde: