Tilbake

Parfaitostekake

Dette er ei kjempegod ostekake som fell i smak hjå alle! Det er diverre litt seint på året til å kunne bruke norske jordbær, men det går fint an med utanlandske og. Skal ikkje steikjast.
Ingredienser  
200 gr. Digestive-kjeks
75 gr. smør, smelta.

Fyll:
3 plater gelatin
2 beger ( 250gr.) kremost naturell
1 1/2 dl melis
3 dl. kremfløyte
1 ts. revet sitronskal
2 ss. sitronsaft
1 korg jordbær
Slik gjør du
1. Plasser ei springform utan botn på eit passande kakefat.
Knus kjeksen i foodprossesor, tilset smelta smør. Trykk kjeksmassen ut i botn på kakeforma.
2. Bløytlegg gelatinen i kaldt vatn - ca. 5 min.
3. Rør kremost og melis mjukt. Tilset piska kremfløyte og sitronskal. Varm opp sitronsafta til kokepunktet. Klem vatnet av gelatinen og rør inn platene til dei er oppløyste. Avkjøl litt. Hell sitronsaft/gelatinblandingen i kremen medan du rører. Fyll kremen over kjeksbotn. Dekk kaka med plastfolie og set den i frysaren i ca. 4 timar.
4. Ta kaka ut minst 2 timar før servering og fjern forma og plastfolien. Pynt kaka med ferske jordbær.
Spesielle egenskaper
Rask å lage
Kilde: Bjørg B. Grønningen