Sjokoladekake med olje |
|
Ei svært saftig sjokoladekake som er best tredje dagen. Kan bakast med speltmjøl i stadenfor kveitemjøl for dei som likar det best. P.g.a kombinasjonen soyaolje og spelt, vert det ei lett fordøyeleg kake med nydeleg smak. |
Ingredienser |
Bilde |
2 dl soyaolje 3 dl sukker 4 store egg 4 dl mjøl (spelt) 3 ss kakao 1 ts vaniljesukker 1 ts bakepulver |
|
|
Slik gjør du |
Rør saman olje, sukker og egg til sukkeret er smelta. Sikt i det tørre. Steik i 24 cm form på ca 180 grader i 35 min. (prøv med kakepinne). Del kaka i to el. tre lag og fyll med eggekrem/vaniljekrem/eller det du har lyst på. Pynt med sjokoladeglasur laga av kokesjokolade, kaffi og melis. Det står som regel oppskrift på sjokoladeplata du har i skuffa. Dersom du brukar kokesjokolade utan melk (mega/rimi har) og kuttar ut fyllet, vert dette ei melkefri kake. |
Kilde: Grethe |
|