Tilbake

Festbrød frå Hellas

Dette er brød for eit festleg lag som vil ha noko godt å bita i og som har tid og evner til å eta mykje. Brødet er best ferskt og vert lett litt tørt etter opphald i fryseboksen. Kan brukast til salatar, supper og på koldtbord. Eg har brukt sikta speltmjøl i staden for kveitemjøl og det er kjempegodt.
Ingredienser Bilde
1 liter vatn
100 g gjær
1 1/2 ss salt
2 dl olivenolje
4 egg
3 - 3,5 l kveitemjøl (spelt)
Festbrød frå Hellas
Slik gjør du
Løys opp gjera og bland i vatn, olje, piska egg og salt. Elt i mesteparten av mjølet. Bruk gjerne kjøkenmaskin eller kna godt til smidig og god deig. Lat heve ein time til dobbel storleik. Kna evt. i resten av mjølet under utbakinga. Kna godt og del opp i seks runde emner. Smør langpanna med olje og legg brøda i. Pensle også mellom brøda med olje. Då vert det lettare å få brøda frå kvarandre etter steiking. Dryss med mjøl og set dei på lun plass til heving i 1/2 til 1 time. Lag små snitt i brøda med skarp kniv før du set dei ovnen på 225 grader i 30 - 40 min.
Spesielle egenskaper
Sukkerfri
Kilde: Grethe