Tilbake

Nøttedrømmen

Ei oppskrift frå TINE. Veldig god og ikkje særleg søt, så her kan det etast lengje...:) Sjokoladekremen må lagast kvelden før. Sitronsafta gjer kremen spesielt god.
Ingredienser  
Botn:
250 gr hasselnøttkjerner
100 gr sukker
4 egg
2 ss kveitemjøl
1 ts bakepulver

Sjokoladekrem:
1 pl Dronningsjokolade
4 dl kremfløyte
sitronsaft (1 ss ?)

Pynt:
3 dl kremfløyte
Litt av sjokoladekremen
Slik gjør du
Mal nøttekjernene. Visp egg og sukker til stiv eggedosis. Tilsett nøttemasse, mjøl og bakepulver og bland alt forsiktig med eggedosisen. Hell i smurt form og steik. Rund kakeform, 24 cm. 175 grader, ca 30 minutt.

Kok opp fløyte og sjokolade. Tilsett sitronsafta. Avkjøl og sett i kjøleskapet til neste dag.

Del botnen i to lag. Visp sjokoladefløyten forsiktig til ein luftig krem. Ta av litt i ein sprøytepose til pynt. Fyll kaka med resten. Visp kremfløyten og dekk kaka utanpå. Pynt kaka med resten av sjokoladekremen.
Kilde: Lillian i Grimstad