Karamellpudding |
|
Funne i eit vekeblad, sendt inn av ei dame frå Eresfjord. Populær både hos store og små her i huset! Kan med fordel doblast. Eg erstattar vaniljesukkeret med 1/2 opna og skrapa vaniljestang.
|
Ingredienser |
Bilde |
Glasur til forma: 75 gr sukker 2 ss vatn +
Pudding: 4 egg 75 gr sukker 1 ts vaniljesukker evt vaniljestang 5 dl lettmjølk (eller h-mjølk)
Evt litt krem til pynt.
|
|
|
Slik gjør du |
Glasuren: Hell sukker og vatn i ei avlang kakeform eller ein kasserolle. Sett kokeplata på full styrke med forma oppå, slik at sukkeret smeltar. Skru ned varmen når sukkeret byrjar å bli brunt. Rør så bruninga blir jevn og fordel den i forma. Bruk tjukke gryteklutar og vend på forma slik at massen blir jevnt fordelt.
Pudding: Pisk egg, sukker og vaniljesukker/stang i 40-50 lette tak. Rør i mjølka. Sil blandinga og ha den i den glaserte forma. Sett forma i vatnbad (varmt vatn) i langpanna på 125-130 grader og la stå til puddingen er stiv, men litt skjelvande. Den treng minst 45 min, kjem an på form og mengde.
Puddingen på biletet er laga med h-mjølk, det er dobbel porsjon i brødform, den sto i omnen nesten to timar.
|
Spesielle egenskaper |
Barnas favoritt |
Kilde: Lillian i Grimstad |
|